187 Views

VM-hopp: – Eg trøbla med landingane i dag!

Februar 26, 2021
Skrevet av:

Kristin Roset

Norge kom på pallen, men kunne ikkje hamle opp med Slovenia og Austerrike.

– Eg trøbla med landingane i dag. Eg brukar å vere god til å setje nedslag. Det fekk eg dårleg betalt for i dag, eg kjenner det som at eg øydela for laget, sa Silje Opseth.

Ho gøymde hovudet i hendene og var tydeleg skuffa etter sitt andre hopp. Ho hoppa 99 meter, men blei likevel klart slått av Austerrike og Slovenia.

Ingen av dei norske hopparane svikta, men utanom Thea Bjørseth nådde dei heller ikkje opp mot sitt beste. Dermed blei Norge gjennom andreomgangen meir og meir distansert av dei to andre lag

Silje Opseth. FOTO: Norges Skiforbund

Hoppsjef Clas Brede Bråthen var nøgd med bronsen.

– Det var ein god bronsemedalje, med solid margin til laga bak. Det var litt lenger opp enn det vi trudde det kanskje skulle vere, og dei to laga framfor oss var litt for sterke, sa Bråthen til NRK.

Hoppsjefen: – Vi gleder oss stort over bronsen

– Thea leverte to gode hopp, så var det litt meir blanda drops på resten. Men vi gleder oss stort over bronsen.

Han er veldig godt nøgd med det kvinnene har levert i dei to første konkurransane i VM.

– Det er ikkje for seint å ta gull. Vi har teje medaljer i dei to konkurransane vi var mest usikre på.

Det gjekk ikkje. Silje Opseth og Anna Odine Strøm tapte litt til sine motstandarar. Thea Bjørseth var best i sin pulje i begge omgangar, men avstanden vart for stor til at Maren Lundby greidde å ta det igjen.

– Grunnen til at vi blir nummer tre, er at det manglar litt på fleire av hoppa til resten av jentene (med unntak av Thea). Det er lett å sjå kvar resten av poenga kan hentast, seier Bråthen.

Thea Bjørseth var nøgd med sine hopp.

– Det er alltid litt ekstra spenning i ein lagkonkurranse. Resultatet avheng av alle. Gjer ein eit dårleg hopp, kan det gå ut over alle saman.

Silje Opseth seier seg også nøgd med bronsen.

– Vi drøymer alltid om å stå på toppen. Men eg trur likevel vi tek med oss dagen i dag som positiv, seier ho

ABONNER PÅ NYHETSBREVET

For å se hvordan vi bruker din informasjon, ta en titt på vår Privacy policy